Magma Utgave 1 2022 Magma logo - lenke til Magma forsiden
TEKST: Aksel Mjøs, Sveinung Jørgensen & Lars Jacob Tynes Pedersen FOTO:

Kva betyr det at noko er vesentleg i ein berekraftssamanheng? (R)

Samandrag 

Aksel Mjøs er førsteamanuensis og instituttleiar ved Institutt for finans ved Norges handelshøyskole (NHH). Han er og ansvarleg for etterutdanninga i finans ved NHH. Han har tidlegare mellom anna vore administrerande direktør i DnB Kapitalforvaltning og visepresident i Morgan Stanley Investment Banking i London. Mjøs er i dag medlem, tidlegare styreleiar, i Kavlifondet, var leiar av regjeringa sitt kapitaltilgangsutval og grunnleggjar av Gi Gaven Videre, som leverer digitale gåvekort som mottakaren kan gi vidare til eit godt føremål. Mjøs er fagredaktør for Magma nr. 1 i 2022.

Sveinung Jørgensen er førsteamanuensis ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap ved Norges Handelshøyskole (NHH), og sammen med Lars Jacob Tynes Pedersen leder han Centre for Sustainable Business ved NHH. Jørgensen forsker på bærekraftig business, jobber tett med bedrifter som ønsker å oppnå dette i praksis, og har podcasten Bærekraftseventyr sammen med Pedersen.

Lars Jacob Tynes Pedersen er førsteamanuensis ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap ved Norges Handelshøyskole (NHH), og sammen med Sveinung Jørgensen leder han Centre for Sustainable Business ved NHH. Pedersen forsker på bærekraftig business, jobber tett med bedrifter som ønsker å oppnå dette i praksis, og har podcasten Bærekraftseventyr sammen med Jørgensen.

At noko er vesentleg – material på engelsk – vert stadig viktigare for vurdering av om selskap handlar og rapporterer berekraftig. Dei fleste er samde om at vesentleg­vurderingar er viktige, at selskap bør identifisera, prioritera og offentleggjera informasjon om sine mest vesentlege berekraftstema. Kriteria for kva som er vesentleg, varierer likevel mykje, og i denne artikkelen gjennomgår vi korleis det kan forårsaka forvirring, og kva som kan gjerast.

Vi tek utgangspunkt i to tilnærmingar til vesentlegvurderingar: Global Reporting Initiative (GRI) legg vekt på berekraftsspørsmål som er vesentlege for alle interessentar. Sustainability Accounting Standards Board (SASB) sin definisjon legg vekt på berekraftstema som er finansielt vesentlege, det vil seia som kan påverka selskap sine finansielle resultat. Vi drøftar konsekvensane av spenningane mellom desse to definisjonane av kva som er vesentleg i berekrafts­rapporteringa, med særleg vekt på brukarar av informasjonen i finansmarknad­ane. Vi har dessutan undersøkt brukarar i finansmarknaden sine perspektiv gjennom spørjeundersøking og intervju. 

Vi finn at ulike tilnærmingar til kva som er vesentleg, kan føra til at brukarar av berekraftsrapporter misforstår vesentleg­vurderingane og difor trekkjer ugrunna konklusjonar. Særleg ser vi at ulike brukarar i finansmarknadane med ulike behov kan oppleva manglande tilgjenge og kvalitet i informasjonen. Vår konklusjon er at brukarar av berekraftsrapportering treng tydeleg kommunikasjon om vesentleg­vurderingar i ikkje-finansielle rapportar. Dette er viktig både for investorar som søkjer lønsame grøne investeringar, og for samfunnet elles, som treng informasjon om reelle berekraftseffektar.

1. Innleiing

Selskap er stadig meir opptekne med å verta meir berekraftige og å rapportera betre om berekraft. Denne kjem frå forventningar frå ulike interessentar, alt frå å møta regulatoriske krav til å opptre slik at ein tek vare på eit godt omdømme. Dei siste åra har og investorar og långjevarar – som er viktige brukarar av informasjon om berekrafts­resultat – i aukande grad kravd slik informasjon, særleg om berekraftsinnsats som samsvarar med nansielle resultat. 

Vi har no fått fleire nye standardar for måling og rapportering for å sikra berekraftsinformasjon av høg kvalitet. I tillegg til kvalitet er det sentralt korleis ein vurderer kva berekraftsspørsmål som er mest vesentlege innan ulike bransjar. Meir standardisert berekraftsrapportering bidreg til relevant og samanliknbar informasjon om alle såkalla miljømessige, sosiale og styringsmessige faktorar (på engelsk ESG – environmental, social and governance factors). Selskap bør difor gjennomføra analysar av kva som er vesentleg som støtte for både berekraftsstrategi og -rapportering, 

Berekraftsarbeid og -rapportering i selskap krev stadige prioriteringar av tiltak, relevante resultatindikatorar og kva informasjon ein skal gjera offentleg. Å vita kva som er vesentleg, er nødvendig for å vurdera den relative tydinga av ulike berekraftstema. Vesentlegvurderingane kan og hjelpa i avvegingane mellom potensielt svært ulike aktivitetar langs kvar av E-, S- og G-dimensjonane. 

Det er samstundes utfordrande at ein tilsynelatande er einige om kva det betyr at noko er vesentleg, men likevel er det mykje forvirring. Kva som er vesentleg, skifter over tid, problemet er at omgrepet vesentlegheit (materiality) når det gjeld berekraft vert nytta på to vidt forskjellige måtar. Dei to tilnærmingane er den Global Reporting Initiative (GRI) nyttar på den eine sida, og den Sustainability Accounting Standards Board (SASB) nyttar på den andre sida. Ulikskapen er særleg forvirrande når ein i berekraftsrapporter refererer til «vesentlege berekraftstema». 

Vi tek her utgangspunkt i perspektivet til brukarar i finansmarknaden som treng informasjon om berekraftsresultat. Utfordringa med to ulike tilnærmingar til kva som er vesentleg, er særleg viktig for dei brukarane som treng berekraftsinformasjon til investerings- og utlånsavgjerder. Mange hevdar at selskap som prioriterer vesentlege berekraftstema, er meir lønsame enn dei som ikkje gjer det. Dei empiriske funna som er grunnlaget for desse konklusjonane, byggjer på ei SASB-forståing av kva som er (nansielt) vesentleg. Samstundes måler og rapporterer mange selskap sine berekraftsprestasjonar basert på ei breiare GRI-forståing av kva som er vesentleg. Om det er uklårt kva «vesentlege berekraftstema» betyr, er det fare for at brukarar trekkjer feil konklusjonar og potensielt tek feil avgjerder. SASB-sjef Janine Guillot og styreleiar for SASB Standards Board Jeffrey Hales har uttrykt at GRI og SASB «historisk sett har brukt fundamentalt forskjellige definisjonar av kva som er vesentleg. Dette har ført til ein marknadsdialog der sjølv informerte deltakarar må anstrenga seg for å unngå å snakka forbi kvarandre» (Guillot & Hales, 2021). 

2. Ulike tilnærmingar til kva som er vesentleg innan berekraftsrapportering

Kva betyr så omgrepet vesentlegheit, og kva betyr det i berekraftsrapporteringa? I vanlege finansielle rekneskap er omgrepet mykje brukt og definert slik: 

Utelating eller feilinformasjon av ein post er vesentleg i ein finansiell rapport, dersom storleiken på posten i lys av tilhøva er slik at det er sannsynleg at vurderinga til ein rimeleg person som stolar på rapporten, ville ha blitt endra eller påverka ved å inkludera eller korrigera eit element. (Messier et al., 2005). 

I samband med berekraftig verksemd og rapportering er målet å skilja mellom vesentlege berekraftstema, det vil seia dei berekraftsspørsmåla som truleg vil påverka interessentar (til dømes investorar, forbrukarar, styresmakter) sine avgjerder, og dei spørsmåla som er uvesentlege og neppe vil påverka avgjerdene. Medan hensikta med å skilja mellom meir eller mindre vesentlege tilhøve i nansiell rapportering er knytt til å forstå faktorar som påverkar selskapet sine økonomiske resultat, er det vesentlege i berekraftsrapporteringa knytt til selskapet sine sosiale og miljømessige resultat. 

Ofte blir vesentlegvurderingar visualisert ved hjelp av ei såkalla vesentlegmatrise (materiality matrix). Ei slik matrise viser prioriteringa av berekraftstema i ein todimensjonal figur der aksane representerer interessene til ulike interessentgrupper. Vesentlegmatrisa kan brukast til å støtta eksempelvis risikovurdering, resultatstyring og rapportering, der ein treng å skilja vesentleg frå ikkje-vesentleg berekraftsinformasjon. 

Figur 1 og 2

Vesentleg berekraftsinformasjon er definert av Adams et al. (2020) som all informasjon som kan gjera ein forskjell for dei konklusjonane desse gjer: 

  • interessentar om dei positive og negative verknadane av selskapet på om ein når dei globale berekraftsmåla, og 
  • tilbydarar av finansiering om selskapet sin evne til å skapa langsiktige verdiar for selskap og samfunn. 

Denne definisjonen reflekterer det som vert kalla dobbel vesentlegheit, der det første punktet fangar opp miljømessig og sosial vesentlegheit, og det sistnemnde fangar opp finansiell vesentlegheit. Slik sett gjev definisjonen eit samla perspektiv på kva som er vesentleg, sidan den både fangar opp interessentar generelt og investorar spesielt. Vi tek dette som utgangspunkt i gjennomgangen av dei to ulike definisjonane av kva som er vesentleg.

3. Global Reporting Initiative vs. Sustainability Accounting Standards Board: to definisjonar av kva som er vesentleg

Dei to ulike definisjonane av kva som er vesentleg, er knytt til høvesvis GRI og SASB. GRI kallar vesentleg berekraftsinformasjon «dei emne som har ein direkte eller indirekte innverknad på ein organisasjon sin evne til å skapa, bevara eller bryta ned økonomisk, miljømessig og sosial verdi for seg sjølv, deira interessentar og samfunnet elles». GRI si todimensjonale matrise for å visualisera kva som er vesentleg, har «innverknad på interessentvurderingar og avgjerder» langs Y-aksen og «innverknad for den rapporterande organisasjonen sine økonomiske, miljømessige og sosiale påverknadar» langs X-aksen (figur 1). 

SASB definerer vesentlege berekraftsproblem som dei «som sannsynlegvis vil påverka den nansielle tilstanden eller driftsresultatet til selskap innan ein bransje». SASB brukar ikkje ei direkte samanliknbar vesentlegmatrise som GRI. SASB-tilnærminga til kva som er vesentleg, står nærare vesentlegmatriser som ofte vert nytta i berekraftsrapportar, til dømes av store selskap som Unilever og Nestlé. I slike vesentlegmatriser viser Y-aksen typisk «betydning for interessentar», mens X-aksen typisk viser «betydning for selskapet» eller noko tilsvarande (figur 2). Sistnemnde setning gjeld verksemda til selskapet sjølv og er difor avgjerande for aksjonærane. Medan vesentlegmatrisa illustrert i figur 2 ikkje vert nytta av SASB, viser den likevel ei tilnærming til kva som er vesentleg, som ligg nærare SASB sin definisjon. Som ein ser frå aksane i figur 2, er ei slik tilnærming til kva som er vesentleg, strengt avgrensa til dei berekraftstema som er nansielt vesentlege – eit konsept som SASB brukar for å skilja det frå andre definisjonar av kva som er vesentleg. Vi bør likevel merka oss at tilhøve som selskapet sjølv vurderer å vera viktige for sitt resultat, ikkje nødvendigvis er nansielt vesentlege. 

Verksemder nyttar i aukande grad slike analysar av kva som er vesentleg, for å analysera og visualisere kva berekraftstema dei bør ta tak i. Slike vurderingar av kva som er vesentleg støttar difor arbeidet med berekraftsstrategiar samt måling og rapportering av kva ein oppnår på berekraftsfeltet. Difor finn ein ofte vesentleganalysar på selskap sine nettsider, i strategidokument og i berekraftsrapportar eller integrerte rapportar for å visa og kommunisera slike prioriteringar. 

Ei relativt ny utvikling innan berekraftsrapportering er såkalla dynamisk vesentlegheit, som fangar opp tidsdimensjonen i samband med kva som er vesentleg. Når selskap er i endring, vil kva som er vesentleg, også endra seg ved at nye tema kjem opp og andre ikkje lenger er vesentlege. Når ein innser at kva som er vesentleg, er dynamisk, så kan heller ikkje berekraft handterast på ein statisk måte, vurderingane må òg vera framtidsretta og dynamiske. 

I ein fersk artikkel analyserer Freiberg et al. (2019) korleis berekraftsspørsmål vert nansielt vesentlege. Forfattarane fokuserer på kor viktig den dynamiske forståinga av vesentleg berekraft er. Nærliggjande eksempel er covid-19-pandemien og #MeToo-fenomenet dei siste åra. Det er viktig å ha eit framtidsretta og dynamisk perspektiv på kva som er vesentleg, for å skjøna kva berekraftsspørsmål som kan verta viktigare framover. Det grunnleggjande i all nansiell verdsetting er å estimera verdien i dag av alle framtidige, risikable kontantstraumar, og nansielt vesen­tlege berekraftsspørsmål vil påverka desse kontantstraumane og med det verdien av eit selskap. 

4. Spenningar mellom dei to tilnærmingane til kva som er vesentleg

I prinsippet kan ein leva godt med to rivaliserande tilnærmingar til kva som er vesentleg, så lenge begge er klårt definerte, kommuniserte og forstått. Vi opplever likevel spenningar mellom GRI- og SASB-tilnærmingane til kva som er vesentleg, slik dei vert nytta i praksis, og at desse kan påverka brukarar sine konklusjonar om berekraftsresultat. 

Det er mange eksempel på spenningar mellom ulike konsept for å vurdera verksemder si berekraft: Er det snakk om privat verdi eller delt verdi, spørsmålet om «verdi for kven», spenninga mellom kortsiktige, gjerne finansielle mål, og meir langsiktige mål, gjerne for miljø og sosial rettferd. 

Ei utfordring er for eksempel at trua på eller håpet om at det å fokusera på nansielt vesentlege berekraftstema kan driva nansielle resultat, aukar investorar si interesse for slik informasjon. Sjølv om slike samanhengar er funne historisk for tema som er vesentlege etter ein SASB-definisjon, så treng det ikkje vera gyldig for tema som GRI ser som vesentlege. Det er difor det er avgjerande at brukarar av berekraftsinformasjon veit kva definisjon som gjeld for kva som er vesentleg, for ikkje å dra ugrunna konklusjonar. 

5. Praktisk illustrasjon

La oss vurdera kva ei slik potensiell spenning kan bety i praksis. Når selskap vert meir berekraftige, er investorar mest interesserte i dei økonomiske konsekvensane, medan andre interessentar bryr seg meir om dei reelle berekrafts­effektane. Men ikkje alle berekraftsforbetringar gjev direkte positive effektar på inntekter eller kostnader. Tvert imot: Mange berekraftstiltak vil vera ulønsame, særleg på kort sikt, til dømes den høge investeringskostnaden for elektriske lastebilar. Berekraftstiltak kan difor vera viktige for mange interessentar, men ikkje nødvendigvis for investorar. Det er òg fare for at selskap som berre gjer forbetringar på tema som SASB ser som vesentlege, vil vera attraktive for investorar, men dei kan ha dårlegare resultat på område som andre interessentar ser som vesentlege. 

Eit eksempel er bransjekategorien «kle, utstyr og sko» i SASB sitt vesentlegkart. Kartet viser at ingen miljøforbetringar har positive resultateffektar for verksemder i denne bransjen, sidan studiar av kva som er nansielt vesentleg, ikkje finn at investeringar i miljø har gjeve nansiell avkastning i tekstilindustrien. Difor ser ein ikkje miljøfotavtrykka til NIKE sine sko eller Zara sine kle som vesentlege ut frå SASB-definisjonen, sjølv om slike miljøforbetringar truleg påverkar selskapa sine merkevarer og omdømme positivt. I ei GRI-basert vurdering vil forbetringane truleg verta vurdert som sosialt og miljømessig vesentlege. 

Desse utfordringane reiser ei rekkje spørsmål: 

Q1. Kva berekraftsarbeid bør verksemder prioritera, og kva KPI-ar2 bør dei overvaka som viser relevant forbetring? 

Q2. Skal det rapporterande selskapet berre leggja vekt på finansielt vesentlege berekraftstema eller òg på dei som er miljømessig og sosialt vesentlege? 

Q3. Om ein rapporterer begge typar, korleis skal rapporten kommunisera på kva måte og med kva definisjon eit gitt berekraftstema er vesentleg? 

Q4. Korleis vil sorteringa mellom dei to vesentlegkategoriane variera etter rapporteringshorisont? 

6. Empirisk studie: metode og resultat

Vi gjennomførte ei undersøking med ulike interessentar som arbeider i norske finansmarknadar, ei spørjeundersøking om berekraftsrapportering, vesentlegheit og informasjonskvalitet og oppfølgingsintervju med nokre av respondentane. Vi spurde eit utval av fagfolk som følgde Norges handelshøgskole og Norske Finansanalytikeres Forening sitt studium i berekraftig nansiell analyse hausten 2020 og våren 2021. Utvalet er dominert av nansanalytikarar og porteføljeforvaltarar frå store institusjonelle investorar, men famnar òg tilsynsstyresmakter, økonomi-/finansansvarlege i ordinære selskap, fagfolk i bank og forsikring, revisorar og nansjournalistar. 

Vi fokuserte på oppfatningar av sentrale konsept knytt til kva som er vesentleg når det gjeld berekraftsrapportar, samla i fire breie kategoriar: 

  • informasjonsbehova til brukarane 
  • tilnærmingar til kva som er vesentleg i berekrafts­rapportar 
  • tilgjengeleg informasjon i berekraftsrapportar, og 
  • informasjonskvalitet i berekraftsrapportar 

Når det gjeld informasjonsbehov, fokuserte vi på tre kategoriar: dei som er relatert til nansiell vesentlegheit, og dei to informasjonsdimensjonane i Adams sin definisjon av kva som er vesentleg, vist ovanfor. Vi stilte spørsmål om syn på krav til offentleggjering med omsyn til dobbel og dynamisk vesentlegheit. Vi bad om vurderingar av kor tilgjengeleg informasjonen i berekraftsrapporter er, og i kva grad dei var i stand til å skilja mellom informasjon knytt til ulike tilnærmingar til kva som er vesentleg. Vi spurde òg om vurderingar av informasjonskvaliteten i berekraftskunngjeringar. 

Alle spørsmål vart målt på Likert-skalaer der 1 indikerte «heilt usamd» og 7 indikerte «heilt samd». Oppfølgingsintervjua vart gjort for å fanga opp mangfaldet i utvalet. 

7. Hovudresultat frå undersøkinga

Undersøkinga hadde 30 respondentar, 80 prosent var menn (som på studiet). Gjennomsnittsalderen var 48,5 år, og gjennomsnittleg tid i arbeid var 22 år. Respondentane jobba hovudsakeleg i bank (30 prosent), investeringsverksemder (23,3 prosent), det offentlege (6,7 prosent) samt i konsulentfirma, forsikringsselskap eller med økonomi- eller nansansvar elles. 

Når det gjeld informasjonsbehov, var respondentane sterkt samde om at dei ønska informasjon både om økonomisk vesentlege berekraftstema og om reelle berekrafts­effektar. Respondentane ønska i noko mindre grad informa­sjon om berekraftstema som frivillige organisasjonar og folk elles fokuserer på. 

Når det gjeld kva som er vesentleg, finn vi at dei ønskjer at dynamisk vesentlegheit er inkludert i rapporteringa, og at berekraftsrapportering ikkje bør avgrensast til nansielt vesentlege berekraftstema åleine. Dei meiner òg at rett handtering av vesentlege berekraftstema er avgjerande for selskapa sine nansielle resultat. 

Når det gjeld tilgjenge til informasjon, finn dei at det ikkje er enkelt å identifisera nansielt vesentlege berekraftstema i berekraftsrapportar, og dei var òg usamde i at det var lett å skilje finansielt vesentlege berekraftstema frå dei som er vesentlege, til dømes basert på ei GRI-forståing. Samla sett er respondentane skeptiske til kor tilgjengeleg informasjonen er i slike rapporter, og dei ønskjer rapportering i samsvar med standardar. 

Respondentane gav ei blanda vurdering av informasjonskvalitet. I vurderinga av informasjonskvaliteten i berekraftsrapportar var dei positive med omsyn til informasjonen sin relevans, dei meinte at informasjonen er moderat samanliknbar, men at det er dårleg stelt med omsyn til kor aktuell og verifiserbar informasjonen er. 

I dei kvalitative intervjua fekk respondentane høve til å utdjupa dei tre temaa informasjonsbehov, informasjonstilgang og informasjonskvalitet. 

a. Informasjonsbehov

Respondentane varierte etter sine roller sterkt i kvifor dei les berekraftsrapportar. Porteføljeforvaltaren ønska informasjon om korleis berekraftsforbetringar kan opna nye forretningsutsikter: «Vi er like interessert i informasjon om slike nye moglegheiter som om risiko og skader», sa han. Internkontrollansvarleg hadde eit heilt anna perspektiv: «Eg leitar ikkje etter lønsemd – eg leitar etter spor av ekte berekraft.» 

Finansanalytikaren uttalte: «Perspektivet vårt er noko meir kortsiktig – vi ser i stor grad på neste kvartal.» Men han understreka òg at dette innebar meir vekt på det som er dynamisk vesentleg – informasjon som sjeldan er lett tilgjengeleg i berekraftsrapportar. Han påpeika òg at: «Rapporteringa må vera så konsistent som mogleg over tid for å tillata samanlikning – og om saker som er meir og mindre vesentlege over tid.» Porteføljeforvaltaren kommenterte òg avveginga mellom ønsket om mest mogleg relevant informasjon, og om informasjon som er kvantifisert og kan etterprøvast: «Rapportane bør byggja på gode og helst kvantifiserte variablar. Men helst mindre ord og bilete og ikkje-verifiserbar informasjon som står i vegen for den vesentlege informasjonen.» 

Berekraftssjefen i ein stor bank meinte at informasjon som vart utvikla for å dekka investorar sine behov, også var den mest interessante for andre interessentgrupper. Han sa: «Berekraftsrapporter bør skreddarsyast for investorar – det vil gjera dei meir nyttige også for andre interessentar. Det er ofte ikkje definert kven målgruppa for slike rapportar er, og å utvikla dei på ein måte som er meir konsentrert rundt reine fakta og tal, vil truleg gjera dei nyttige for flest interessentar.» Ho som arbeidde med offentlege finansieringsordningar, støtta denne vurderinga. 

b. Tilgjenge til informasjon

Respondentane gjentok inntrykket frå spørjeundersøkinga i spørsmålet om tilgjengeleg informasjon. Dei fann det særleg vanskeleg å skilja mellom informasjon om berekraftsresultat som var nansielt vesentleg, og informasjon om reelle berekraftseffektar som vart verdsett av andre interessentgrupper. Finanssjefen hevda at trass i gode intensjonar i rapporteringa er det vanskeleg å finna informasjon som kan verifiserast og jamførast over tid og mellom selskap. Porteføljeforvaltaren understreka at rapportane åleine vanlegvis ikkje var tilstrekkelege til å gi han fullstendig informasjon. Dette gjeld særleg informasjon om nye og meir usikre tema – dette krev direktedialog med selskapa. 

Internkontrollansvarleg la vekt på at informasjonen hadde ein tendens til å «flyta saman og verta rotete», og at informasjon ofte vert presentert «i uventa form på uventa stader» i rapportane. Ho beklaga òg at variasjonen i selskapa si rapportering kan koma av ulik informasjonstilgang: «Verksemdene er svært ulike i kva berekraftsarbeid dei vel å gjennomføra, og også kva dei rapporterer om, ut frå aktivitetane, deira prioriteringar og kva dei kan gi informasjon om.» 

Til slutt peikte fleire av respondentane på at dei meinte at berekraftsrapportane vart stadig meir prega av ein flaum av informasjon, for mykje prosa og for lite kvantitativ og finansielt vesentleg informasjon. 

c. Informasjonskvalitet

Økonomisjefen meinte at forteljarstilen dominerer berekraftsrapportar, og skilde mellom mål, innsats og resultat. Ulike brukarar kan leggja ulikt vekt på desse informasjonskategoriane. Ho som arbeidde med offentlege finansieringsordningar, hevda at informasjon om miljøtema generelt var av høgare kvalitet enn informasjon om sosiale tema. Ho sakna særleg overordna informasjon om selskapet sine ESG-karakteristikum. 

Finansanalytikaren peika på samanliknbarheit som eit sentralt problem, eksempelvis oljeselskap som ser ut til å vilkårleg velja startår for samanlikningar for å få forbetringane til å verka større, men dette skapar samstundes tolkingsproblem. Internkontrollansvarleg meinte at informasjonen generelt er svært relevant, men peika på at mange selskap verkar selektive i korleis dei informerer om gode opp mot dårlege prestasjonar. Alle respondentane opplever samanliknbarheit som ei sentral utfordring. Likevel ser dei noko betring over tid. 

8. Drøfting

Spørjeundersøkinga og intervjua stadfestar biletet av spenningane mellom dei to tilnærmingane til kva som er vesentleg, og kva dette medfører for dei som brukar informasjonen i berekraftsrapportane. Funna våre bidreg til å forstå korleis ei vurderer vesentlegheit i berekraftsinformasjon, og at det vert nytta svært ulikt av ulike brukarar. 

a. Spenninga i bruken av omgrepet vesentlegheit

Undersøkinga viser at dei ulike brukarane av informasjon ønska informasjon om ulike typar vesentleg informasjon (dvs. både i GRI- og SASB-tilnærmingar til konseptet). Dei såg det likevel som utfordrande å skilja mellom berekraftstema som er nansielt vesentlege, og dei som (berre) er vesentlege etter GRI-definisjonen. Samla finn dei at berekraftsrapportar gir relevant informasjon, men ikkje kan samanliknast, ikkje er aktuelle og ikkje kan etterprøvast. 

I oppfølgingsintervjua fann dei generelt at det var vanskeleg å skilja mellom: 

nansielt vesentleg informasjon om berekraft 

informasjon som har større tyding for andre interessentar, og 

informasjon som er nyttig for å vurdera reelle berekraftseffektar 

Respondentane peika på at meir standardisering i berekraftsrapporter hjelper brukarar i finansmarknaden, sjølv om informasjonen framleis ofte er rotete presentert. Respondentane uttrykte eit ønskje om offentleggjering i tråd med dobbel vesentlegheit, for å møta problemet med å avgrensa nansielt vesentlege frå ikkje-nansielt vesentlege berekraftstema. 

I sine retningsliner for rapportering av klimarelatert informasjon skisserer EU eit dobbelt vesentlegheitsperspektiv. Det krev rapportar både på tema som er nansielt vesentlege, og dei som er sosialt og miljømessige vesentlege. Meir eksplisitt rapportering i eit dobbelt vesentlegheitsperspektiv kan gi meir klarheit for alle brukarar av slik informasjon. Viktigare, som påpeika av GRI og SASB saman (GRI & SASB, 2021): 

SASB sine bransjespesifikke standardar identifiserer dei berekraftsrelaterte risikoane og moglegheitene som mest sannsynleg vil påverka eit selskap sin finansielle tilstand (dvs. balanse), driftsresultat (dvs. resultatregnskap) eller risikoprofil (dvs. kapitalkostnad). Alle desse faktorane påverkar eit selskap sin noverande og framtidige marknadsverdi. GRI-standardane fokuserer på dei økonomiske, miljømessige og sosiale konsekvensane av verksemda til eit selskap og med det bidraga – positive eller negative – til berekraftig utvikling. Det er ein underliggjande føresetnad at om dei ikkje allereie er finansielt vesentleg på rapporteringstidspunktet, kan desse konsekvensane verta finansielt vesentlege over tid. 

Våre respondentar ønskjer meir dynamisk vesentlegheitsinformasjon sjølv om slik informasjon er vanskeleg både å produsera og verifisera. Dette dreier seg òg om den generelle utfordringa knytt til tidsdimensjonen, ei spenning mellom krav om: 

informasjon av høg kvalitet som kan kontrollerast, til dømes veletablerte indikatorar som CO2-utslepp eller energiforbruk, og 

rettidig informasjon om nye emne som kan verta nansielt vesentlege, men som kan ha mindre standardiserte og velutvikla tiltak og indikatorar 

Dynamisk vesentlegheit kan difor krevja ein toleranse for mindre standardisert og mindre samanliknbar informasjon, i alle fall for nye tema. 

Samla sett ser vi spenningar av fleire variantar i vår studie. Dette gjeld ulike informasjonsbehov, ønskje om standardisert og fortrinnsvis kvantitativ informasjon opp mot informasjon om nye tema i ei dynamisk vesentlegheitstilnærming. Respondentar uttrykkjer òg ei spenning mellom kor fullstendig og kor presis informasjonen er, noko som ligg i kjernen av arbeidet med kva som er vesentleg i berekraftsrapportering. 

Kva kan så vera aktuelle løysingar? Eit alternativ er å vera tydeleg på om ein berekraftsindikator er vesentleg i SASB-forstand eller i GRI-forstand (eller begge deler). 

9. Konklusjon

I denne artikkelen har vi drøfta konsekvensane av parallell bruk av to tilnærmingar til kva som er vesentleg i samband med berekraftsrapportering. Ved hjelp av eksempel og ei undersøking mellom interessentar i den norske nansmarknaden har vi diskutert spenninga i praksis. Vi har vist problema med sameksistensen av ulike forståingar av kva som er vesentleg, og korleis dei kan leia brukarar av informasjon frå berekraftsrapportering på villspor. 

Vi treng innsikt i både økonomisk vesentlege og ikkje-finansielt vesentlege berekraftstema (dvs. dobbel vesentlegheit) samt at den dynamiske karakteren til vesentlegvurderingar utgjer ei stor utfordring for berekraftsrapporteringa. Vi ser fram til arbeidet med dobbel vesentlegheit og dynamisk vesentlegheit og til intensjonen i arbeidet mot harmoniserte rammer for berekraftsrapportering. Frå eit politisk risikosynspunkt kan vi enten sjå ei utvikling mot eit reint finansielt vesentlegheitsomgrep som egnar seg for rapportering og sektorspesifikk politikk. Alternativt kan vi sjå eit breitt vesentlegheitsomgrep som fangar opp både dobbel og dynamisk vesentlegheit, men som er mindre klårt og presist. Utviklinga av standardar for berekraftsrapportering og tilnærmingane til kva som er vesentleg, må difor navigera mellom desse to ytterpunkta.

Referansar 

Adams, C., Druckman, P. & Picot, R. (2020). Sustainable development goals disclosure (SDGD) recommendations. Association of Chartered Certified Accountants (ACCA), Institute of Chartered Accountants of Scotland (ICAS), Chartered Accountants Australia and New Zealand (CA ANZ), the International Integrated Reporting Council (IIRC) and the World Benchmarking Alliance (WBA). https://www.ifac.org/knowledge-gateway/contributing-global-economy/publications/sustainable-development-goals-disclosure-sdgd-recommendations 

Freiberg, D., Rogers, J. & Serafeim, G. (2019). Pathways to materiality: How sustainability issues become nancially material to corporations and their investors (arbeidsdokument). Harvard Business School Accounting and Management Unit. https://www.hbs.edu/ris/Publication%20Files/20-056_1c21f28a-12c1-4be6-94eb-020f0bc32971.pdf 

Global Reporting Initiative [GRI] & Sustainability Accounting Standards Board [SASB]. (2021). A practical guide to sustainability reporting using GRI and SASB standards (rapport). https://www.globalreporting.org/media/mlkjpn1i/gri-sasb-joint-publication-april-2021.pdf 

Guillot, J. & Hales, J. (2021, 14. mai). Materiality: The word that launched a thousand debates. Harvard Law School Forum on Corporate Governance. https://corpgov.law.harvard.edu/2021/05/ 14/materiality-the-word-that-launched-a-thousand-debates/ 

Messier, W. J., Martinov, B. N. & Eilifsen, A. (2005). A review and integration of empirical research on materiality: Two decades later. Auditing: a Journla of Practice & Theory, 24(2), 153–187. 

Les hele Magma 1/22

)